Ikkje tenk på det
Forlagets omtale:Slagferdig og uhøgtideleg om norsk bokbransje. Forfattaren Oddlaug Nilstun har fått seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag...
Also Available in:
- Amazon
- Audible
- Barnes & Noble
- AbeBooks
- Kobo
More Details
Forlagets omtale:
Slagferdig og uhøgtideleg om norsk bokbransje.
Forfattaren Oddlaug Nilstun har fått seg jobb i marknadsavdelinga i eit forlag etter at skrivinga har gått i stå. Saman med Siss og Unn, to garva forlagsmenneske, skal ho halde i lanseringa av den første boka til den kjende forfattaren Michel Sørbrøt på ti år - ein ekteskapsroman. Han er elska og hata, eit provoserande geni - men er den nye boka noko særleg? Kva meiner ekskona? Og kvifor er det så viktig for Oddlaug å vere ven med Michel på Facebook?
Ikkje tenk på det er ein uhøgtideleg satire i seks scenar om litteraturbransjens meir eller mindre skuggelagde krikar og krokar. I ein stil vi kjenner godt, skriv Nilssen kløktig og humoristisk om aktuelle debattar kring pengedrivet, kritikarstanden og kulturmannen, om nettverk, røyndomslitteratur og #me too - attkjenneleg for mange i eit lite og lesande land som Noreg.
- Format:Paperback
- Pages:140 pages
- Publication:2019
- Publisher:Det norske samlaget
- Edition:
- Language:nno
- ISBN10:8252198287
- ISBN13:9788252198287
- kindle Asin:8252198287









